Bestill time med SMS

Send til 2097:

NORHEIMSUND fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

NORHEIMSUND 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Norheimsund legesenter

Velkomen til oss!

Mottek du SMS eller epost frå vår nye fakturaleverandør Melin Collectors? Då kan dette vera forespørsel om godkjenning av utsending av elektronisk faktura. Sjå meir under "aktuelt".

Det er no råd å kommunisera med legekontoret via tenesta "Digital dialog med fastlege" på helsenorge.no Her kan du fornya faster reseptar, starta e-konsultasjon med fastlegen din, og koma med enkle spørsmål til legekontoret. På sikt vil du også kunna bestilla timar her. Legen din kan også senda deg tilbakemelding på same måte. Dette er godkjend som sikker digital kommunikasjon.

Første gang du brukar dette, må du aktivera tenesta ved å logga deg inn på helsenorge.no Du treng bank-ID for å gjera dette. 

Ta i bruk digital dialog med fastlege, det gjer kommunikasjon med din fastlege enklare!

 

Time- og reseptbestilling kan også framleis gjerast på Helserespons sin app for nettbrett og smarttelefon. Her kan ein og koma med korte spørsmål til legekontoret.

Denne appen er tilgjengeleg gratis i google Play til Android, og i AppStore til iOS. 

 NB! Bestill ikkje øyeblikkeleg hjelp-timar elektronisk!

 

Me ynskjer at så mange som mogeleg nyttar elektronisk bestilling av time og resept, dette kortar ned ventetida på telefon for dei som ikkje kan kontakta oss på annan måte.

 

 

Illustrasjon eller bilde for senter

Aktuelt


Influensavaksine

2. november 2018

Me har influensavaksine tilgjengeleg. Den kostar kr 200. Desse gruppene er særleg anbefalt å ta influensavaksine:

  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko skal også få tilbud om influensavaksine
  • Beboere i omsorgsboliger og sykehjem
  • Alle fra fylte 65 år
  • Barn og voksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesykdom, hjerte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sykdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
    • annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefales influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontakter til immunsupprimerte pasienter
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levende griser.

Mottek du SMS eller epost frå Melin collectors?

13. september 2018

Frå 01.06.18 sender ut fakturaer for Norheimsund legesenter. Pasientar som ikkje betaler på terminal same dag, vil motta faktura. Melin Collectors har fram til no sendt første varsel om faktura på SMS eller epost til pasientar mellom 18 og 65 år. Pga GDPR-reglementet må no alle pasientar samtykka til at faktura blir sendt ut elektronisk. Dersom du er registrert med mobiltelefonnummer hjå oss, vil du difor motta SMS med forespørsel om du godtek mottak av elektronisk faktura i framtida. Om du har registrert deg med epostadresse på helsenorge.no, eller på pasientsky.no, som er Melin Collectors sin fakturaportal, vil du motta epost med same forespørsel. Slik kan du motta elektronisk faktura i framtida. Om du ikkje samtykkjer, vil du motta faktura i vanleg brev. Skulle du angra på ditt samtykke i framtida, og ynskjer å gå tilbake til faktura i vanleg brev, kan du når som helst be Melin Collectors om senda ut faktura manuelt. 

Influensavaksine

31. juli 2018

Influensavaksine er venta å koma til Kvam ila veke 42-43. Det vil vera råd å få influensavaksine hjå oss når den er utsendt frå Folkehelseinsituttet. Apoteket har fått influensavaksine i veke 37. Ynskjer du vaksine før me mottek vaksine i veke 42-43 kan du få dette på apoteket, men du må då ha resept frå fastlegen din. 

Legevikar for Erling Lyngset

22. september 2017

Ramona Myklebust er vikar for Erling Lyngset f.o.m 161017 og ut 2018. Ho arbeider på kontoret tirsdagar, torsdagar og fredagar. Mandagar har ho kommunalt arbeid. Ramona er nyleg ferdig med turnusteneste på Haraldsplass diakonale sykehus og i Meland kommune. Ho er opprinneleg frå Strandebarm, og har no kome attende til Kvam. Me ynskjer ho hjarteleg velkomen!

Frikort

11. september 2015

Frå august 2015 vil det bli automatisk registerert i vår journal når du får frikort. Får du rekningar frå oss etter du har motteke frikort, skal desse betalast, konsultasjonen eller tenesta du er fakturert for, har funne stad før du nådde eigenandelstaket for frikort. Du vil få refundert beløpet av HELFO i etterkant.